Slik arbeider vi

Kvart prosjekt er ulikt. Rolla vår og omfanget blir avklart før oppstart, slik at begge parter veit kva som er avtalt – enten vi bidreg i tidlegfase, gjennomføring eller heile løpet.

  1. 1

    Behov, idé eller utfordring

    Vi startar der du er. Kanskje har du ein idé, eit behov eller ein utfordring, men ikkje ei ferdig løysing. Vi hjelper deg å strukturere og forstå utgangspunktet.

  2. 2

    Kartlegging og behovsavklaring

    Vi går gjennom prosjektgrunnlag, aktørar, økonomi, framdrift, kontraktar og risikopunkt.

  3. 3

    Utvikling og vurdering av løysingar

    Vi ser på alternative konsept og løysingar, vurderer tekniske forhold, kostnadar, kost/nytte, risiko og gjennomførbarheit.

  4. 4

    Beslutningsgrunnlag og val av retning

    Du får eit tydeleg grunnlag for å velje retning, enten det gjeld leiing, styre, bank eller eigarar.

  5. 5

    Planlegging og organisering

    Vi legg til rette for vidare prosjektgjennomføring med avtalar, leverandørar, roller og planar.

  6. 6

    Prosjektgjennomføring

    Ved behov følgjer vi prosjektet vidare med prosjektleiing, økonomi, framdrift, leverandøroppfølging og rapportering.

  7. 7

    Ferdigstilling og evaluering

    Vi bidreg etter behov med restpunkt, dokumentasjon, sluttstatus, overtaking og erfaringsoverføring.

Ei tydeleg og avgrensa rolle

Neste Prosjekt AS bidreg med prosjektutvikling, prosjektstøtte, koordinering, struktur og oppfølging. Vi tek normalt ikkje rolla som ansvarleg søker, ansvarleg prosjekterande, utførande entreprenør, juridisk rådgivar eller teknisk kontrollør med formelt kontrollansvar. Vi garanterer heller ikkje pris, kvalitet eller framdrift.

Der prosjektet treng annan fagkompetanse, kan vi hjelpe med å identifisere behovet og få rette fagpersonar involvert.