Frå idé til gjennomført prosjekt
Vi hjelper verksemder og byggherrar med å utvikle, planlegge og gjennomføre tekniske og organisatoriske prosjekt – frå dei første behova og vurderingane til ferdig prosjekt.
Neste Prosjekt AS kan gå inn tidleg, når du har ein idé eller eit behov, men ikkje nødvendigvis ei ferdig løysing. Vi hjelper deg å utvikle prosjektet og eit betre beslutningsgrunnlag.

Du treng ikkje ha ei ferdig løysing for å ta kontakt
Har du eit behov, ein idé eller eit problem – men er usikker på kva den rette løysinga er? Vi kan hjelpe med å utvikle behovet til eit gjennomførbart prosjekt og eit betre beslutningsgrunnlag.
Mange verksemder står overfor investeringar eller endringar dei ikkje har kompetanse til å planlegge og gjennomføre på eiga hand. Neste Prosjekt AS kan fungere som ein ekstern prosjektutviklingsressurs, enten for heile prosessen eller for enkelte delar.
Tenesteområde
Vi tilpassar omfanget til prosjektet. Under ser du dei områda vi kan hjelpe med, frå prosjektutvikling i tidleg fase til gjennomføring og byggherrerepresentasjon.
Prosjektutvikling
Behovsavklaring, konseptutvikling, tekniske og økonomiske vurderingar, leverandørdialog og beslutningsgrunnlag før løysinga er låst.
Les meir om prosjektutviklingProsjektleiing og prosjektgjennomføring
Generell prosjektleiing i alle bransjar: struktur, økonomi, framdrift, kontraktar, leverandøroppfølging, risiko og rapportering gjennom heile prosjektet.
Sjå kva vi følgjer oppByggherrerepresentasjon i landbruket
Ei eiga teneste for landbruket: uavhengig representant for bonden ved nytt fjøs, utviding eller ombygging – frå tidleg planlegging til ferdig landbruksbygg.
Les meir om byggherrerepresentasjon
Slik arbeider vi
- 1
Behov, idé eller utfordring
Vi startar der du er – med eit uavklart behov, ein idé eller eit problem som skal løysast.
- 2
Kartlegging og behovsavklaring
Vi set oss inn i status, mål, aktørar, økonomi og kva som er avklart så langt.
- 3
Utvikling og vurdering av løysingar
Vi ser på alternative konsept, tekniske løysingar, kostnadar, risiko og gjennomførbarheit.
- 4
Beslutningsgrunnlag og val av retning
Du får eit tydeleg grunnlag for å velje retning, enten det gjeld leiing, styre, bank eller eigarar.
- 5
Planlegging og organisering
Vi legg til rette for vidare prosjektgjennomføring med avtalar, leverandørar og planar.
- 6
Prosjektgjennomføring
Ved behov følgjer vi prosjektet vidare med prosjektleiing, økonomi, framdrift og oppfølging.
- 7
Ferdigstilling og evaluering
Vi bidreg til ein ryddig avslutning med restpunkt, dokumentasjon og erfaringsoverføring.
Kvifor Neste Prosjekt AS
- erfaring frå prosjektutvikling og tidlegfase i komplekse tekniske prosjekt
- kompetanse innan prosjektleiing, kontraktar og leverandøroppfølging
- økonomi- og rekneskapskompetanse i teamet
- agronomkompetanse og praktisk erfaring frå landbruk
- forståing for både kunden, banken og leverandørane
- jordnær og uavhengig prosjektstøtte
Har du eit prosjekt på gang?
Ta kontakt for ein uforpliktande prat om idéen, behovet eller prosjektet – uansett kor langt du har kome i prosessen.
Kontakt oss